LightWeb
Gaularfjellet – Flatheim
LightWEB
Startside

Flatheim    Aktuelt    Overnatting    Aktiviteter    Dyra på garden    Stølsutleige    Lenker    Kontakt oss

LightWeb
 
 
 
 
   
 
 
 
 
 
 
 
 


Flatheim

På Flatheim kan du finne roen, her kan du oppleve naturen veldig nær. Fjella, elva, skogen, lyset og lydane. Du kan sove i gamle, gode pensjonatsenger, eller du kan slå opp telt og leve det gode liv, med utedo, vatn frå elva og eld på grua.

Les mer >>

 
 

Overnatting


Har du lyst på ei gardsovernatting? Du kan overnatte i særprega atmosfære i vårt hus frå 1500-talet, eller i pensjonatet frå 1949, eller du kan slå opp telt og leve det gode liv, med utedo, vatn frå elva og eld på grua. Sjå bilder og bestill på Booking.com, eller kontakt oss direkte på e-post eller telefon.


Les mer >>


 

Aktiviteter
 

Her kan du ta ein lang eller kort vandring langs det verna Gaularvassdraget på den godt tilrettelagte Fossestien. Eller du kan prøve fiskelykka. Om du heller vil ha guiding på topptur eller stølstur kan vi tilby det. Eller du kan gå åleine om det passar deg best.

Les mer >>



Kart med veibeskrivelse


Været for Flatheim

 
Godt utgangspunkt for
toppturar i Sunnfjord
 
 
 
 
 
 
 Utsikten ca 15 km frå Flatheim
 
 
 Fossestien 21 km lang vandresti
 
 
 
 
 Mirage ca 10 km frå Flatheim  
Kunstverk, -brønn. 1 brønn på Gaularfjellet, 9 brønner i Malavi
 
 
 
 
"The Silver Bridge"
              Brua over Likholefossen 
 
 
Vertskap
 
Vertskap på Flatheim er Heidi og Sigurd med familie. Heidi har vakse opp på garden, Sigurd i nabobygda. Vi er stolte over plassen vår, bygda, og heile Fjord-Norge, og set pris på å få dele dette med våre gjester. Velkommen til oss!
 
 
 
 
Sommarkafè

Sommaren 2017 har vi hatt kafè i storehuset på Flatheim. Det blei suksess og vi planlegg sommarkafè også i 2018. Det blir gode "blingsar", kaker og gjærbakst å få kjøpt. Nyt ein liten matpause i den særprega atmosfæren i det freda storehuset. vi har god kaffi! Open dagleg frå kl 12-17, 25. juni-12.august 2018. 
 
 
Teltplasser

Slå opp telt og lev det gode liv i pakt med naturen!
På vårt friluftsområde kan du overnatte i telt. Du kan ha med ditt eige utstyr, eller du kan leige det du treng hos oss. 
 
 
 
Stølsutleige 
 
Har du lyst å tilbringe nokre dagar i ro og fred til støls? Vi har hytte til leige. Ta kontakt på mail eller telefon for meir informasjon.
 
 
Open kiosk 

Kvar dag i sommarferien, 25. juni-19. august (2018) mellom klokka 11-19  har vi ope. Besøk vår særprega kiosk, med den typiske byggestilen for slutten av 50 og begynnelsen av 60-talet.Vi har salg av kaffi, is, brus, litt godteri og eit spennande utval av ulike gaveartiklar og souvenirar. Vi forhandlar Greengate. Sitteplassar ute. Sal av fiskekort. 
 
 

Tilpassa opplegg 

Vi tek imot gruppebesøk på bestilling. Vi kan legge til rette for td besøk frå barnehage og skular, avslutningsfestar, bursdagar, blåturar eller andre utflukter, både for barn og vaksne. Vi kan tilby ulike aktivitetar, td matlaging ute- ved gapahuken. Vi kan også tilby ulike team-buildingsaktivitetar. Kom med ynskje eller spørsmål, og vi prøver å finne det som som passar for dykk.
 
------------------------------------- 
Selskaps-og møtelokale
 
Vi kan arrangere selskap og møter for deg i våre restaurerte stover frå 1500-talet og 1800-talet. Dei to stovene i storehuset har plass til ca 40 personar. I tillegg har vi ein Nostalgikjellar som har plass til ca 20.
 
 
 
 
------------------------------------- 
Guiding
 
Vi kan guide deg til topps sommar og vinter! Eksempel på turar er Storefjellet 1182 moh, eller kommunetoppen Geitebotsfjellet 1354 moh, eller kanskje over fjella til Balestrand?  Ta kontakt for avtale og pris. 
 
 
Vedfyrt badestamp
 
På bestilling kan vi varme opp den vedfyrte badestampen som ligg heilt på kanten av Gaularvassdraget. Her kan du sitje i timevis under stjernehimmelen og berre nyte! Stampen har plass til 12-14 personar. 
 
 
------------------------------------- 
Aktuelt
 
I samarbeid med GoKajakk leiger vi ut kajakkar, vi har også båt og kanoar for utleige.
 
Henvend deg i kiosken vår, eller ta kontakt på telefon.
Dyra på garden

Høner og hanar 
Sauer og lam 
Kaniner 
Kattar
Ender 
Vaktlar 
Marsvin
I media
 
 
Juli 2017. Nrk snakkar om auka trafikk på turistvegen over Gaularfjellet, og besøker oss og andre langs vegen. Les og sjå tv-innslag, her 
 
Mai 2017. Firda har lagt merke til at vi har pynta til "Tour des Fjords". Les her
 
April 2017. Vi jublar kvart år for at Gaularfjellet opnar. Denne gangen heisa vi flagget. Nrk skriv om det. Les her
 
Februar 2017. Firda skriv om auka besøkstal hos bedrifter ved Nasjonal Turistveg Gaularfjellet. Les her
 
Januar 2017, Firda skriv om Flatheim på Grüne Woche, her 
 
Januar 2017, Firda skriv om Storehuset på Flatheim, her
 
Juli 2016, innslag på Vestlandsrevyen og Dagsrevyen frå Flatheim, Eldalstunet, Kviknes Hotell og Utsikten. Sjå her. Det var også ein artikkel å lese på NRK Sogn og Fjordane, sjå her.
 
I desember 2015 kunne vi lese dette oppslaget i "Bobilen" Les her 
 
I september 2015 var denne artikkelen å lese i "Norske Hjem", les her 
 
Søndag 15 juni 2014 var sendinga til "Naturens verden" frå Flatheim. Du kan høyre det her 
 
Laurdag 5. juli 2014 hadde avisa Firda reportasje frå gardsveka vår her på Flatheim. Du finn den her, og du kan sjå biletserie her
 
Mandag 20. juli 2014 hadde avisa Firda reportasje frå huset vi restaurerer. Den kan du lese her.
 
 
Facebook:


LightWeb

Flatheim

Adresse: N-6978  Viksdalen
Telefon: +47 57 72 00 18
Mobil: +47 992 46 066 / 913 88 622

Webside: www.gaularfjellet.no


 
Tilbakemeldinger 

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Fyll inn din e-mail adresse for å motta vårt nyhetsbrev!


© LightWeb