Flatheim Norsk Økoturisme

Vårt berekraftsarbeid

Eit av våre mål på Flatheim er å belaste miljøet rundt oss så lite som mogeleg. Vi vil ikkje gjere skade på naturen, og vi gjer tiltak som sparar forbruk og slitasje. I 2019 starta vi jobben med å sette dette i system. Vi ville gjere det synleg for oss sjølv og andre rundt oss kva tiltak vi gjer og kva ytterlegare tiltak vi kan gjere for å bli så gode for omgjevnadane som mogeleg. Vi blei sertifisert som Norsk Økoturisme bedrift i januar 2020. Sjølv om vi blei sertifiserte då, stoppa vi ikkje der, vi ser heile tida etter mogelegheiter for å bli betre.

Nokre av våre bidrag er;

Gjenbruke bygningar og materialer
Vi har flytta 3 bygningar til tunet vårt. Storehuset blei flytta i 2013/2014 frå ein gard 6 km frå Flatheim. Huset er restaurert. Vi har brukt oppatt alt som var mogeleg å nytte frå det gamle. Vidare har vi brukt kvalitetsmateriale frå lokale leverandørar for å få lengst mogeleg levetid på bygningen. Torv til taket har vi spadd like ved, for å unngå transport. Nes-huset har vi flytta frå nabobygda. Det har vi restaurert og tilpassa til gjestehus. Resepsjonen er eit stabbur som vi har fått frå ein kar på Sunnmøre. Hagestova er gjenbruk av utskifta vindauge i hovudhuset og golv frå eit hus som skulle rivast. Garasjebygningen har gjenbruk av tak og dører. Huset i hagen har gjenbruk av tak. Gjerdet rundt hagen vår er gjenbruk av gamle golv og undertak frå rivne bygningar. Alle skifertaka er gjenbruk av skifer frå tak som er blitt bytta ut hos andre i bygdene rundt oss. Dei fleste av bygningane våre har vatn-til-luft oppvarming frå bergvarme.

FørEtter

Gjenbruk av møblar

Så langt som mogeleg gjenbrukar vi også møblar. Nokre trekker vi om att, nokre malar vi, nokre blir olja, pussa, lakka eller berre vaska. Vi likar at inventaret formidlar historie og er autentiske, og møblar som framleis kan fungere fint, ynskjer vi å ta med vidare. Nokre gonger miksar vi det med nytt, men vi likar at det er ein fin harmoni likevel. Vi likar også å bruke tradisjonelt handverk og ting som familie eller andre i bygdene våre har laga som dekor eller nytte.

Energiproduksjon
Vi har solceller på fjøstaket. Dette er eit godt supplement til energiforbruket vårt i dei lysaste årstidene. Vi har også to brønnar der vi hentar bergvarme som går til oppvarming av vatn og bygningar.

Eigen produksjon av mat og nyttevekstar og lokal handel
Vi brukar så langt råd er lokale leverandørar av fisk, kjøt, grønsaker, cider, honning og ellers det som vi får tak i. Vi brukar også økologiske varer så mykje som mogeleg.

Vi har ca 30 vinterfora sauer. Vi brukar ein del av kjøtet frå desse sjølv. Resten leverer vi til Nortura som er bøndene sitt eige slakte- og foredlings-samvirke i Norge.

Utslepp og søppelhandtering
Vi brukar miljøsertifiserte reingjeringsmidlar og såper, shampoo osv på heile anlegget vårt.
Vi sorterer sjølvsagt søppelet vårt. Vi leverer glas og metall til gjenbruksstasjonar hos Sunnfjord Miljøverk. Papp, plastikk blir også sortert ut. Hønene våre blir jublande glade for matavfallet. Restavfall blir henta annakvar veke. Vi har vår eigen vesle sorteringsstasjon.

Vi har også innstallert nytt og oppgradert reinseanlegg på eigedommen. Vi har privat anlegg, så det har vore ein stor økonomisk post for oss.

Vi har ikkje buss-tilbod her hos oss, så vi er nøydd til å bruke eigen bil for naudsynte ærend. Vi har ein el-bil som vi brukar så mykje som mogeleg slik at vi reduserer utslepp.

Stell av naturlandskap
Ettersom vi har vår eigen saueflokk er desse sjølvsagt også viktige for å halde kulturlandskapet i hevd. Dette har blitt forma gjennom århundrer med gardsdrift og sam-eksistens med naturen rundt oss. Sauene beitar på innmark vår og haust. Om sommaren er dei på fjellbeite. Mens dei er på fjellbeite let vi innmarka gro, og haustar graset til vinterfor for dyra. På vinteren er sauene inne i fjøsen. Vi spreier gjødsla på innmarka, for å få betre tilvekst på graset.

Andre ressursar
Vi sender skinna frå sauene våre til garving, og får heim nydelege, varme skinn.
Ulla leverer vi til Nortura, og den går vidare til garn og tekstilproduksjon. Vi har etterkvart lyst å levere ulla vår til spinneri og få våreige garn frå eigne sauer på garden.

Formidling av lokal historie og lokale verdiar
Gjennom vår gjenbruksfilosofi formidlar vi mykje historie visuelt, ettersom vi med tek oss mykje av det gamle inn i den nye tida og prøver å skape ein atmosfære der dette samhandlar. Vi likar også å fortelje historia både om folk, omgivelsar og levemåte. Dette blir ofte også formidla muntleg. Vi har også ein del små «forteljingar» plassert rundt om på Flatheim, samt mykje bøker med historisk innhald tilgjengeleg i det freda huset vårt. Vi formidlar også mykje gjennom heimesida vår. Vi er 12 og 13 generasjon i direkte slektslinje som lever på garden. Vi er 3. og 4. generasjon som tek imot gjester. Frå 2024 er vi stolt medlem av «De Historiske hotell og spisesteder» og håpar dette skal vere med å hjelpe oss til å få ei endå sterkare og tydelegare formidling. Historieformidling forsterkar opplevinga og styrkar minnet om Flatheim.