SPØRSMÅL OG SVAR

FAQ

Å planleggje ein tur langs den Nasjonale turistvegen over Gaularfjellet? Då er Flatheim eit av dei mest unike overnattingsstadene du kan oppleve på Vestlandet. Midt mellom fjord, fjell og fossar ligg dette vesle gardshotellet – eit naturleg stopp for motorsyklistar, turgåarar og reisande som ønskjer ro, ekte vestlandsnatur og berekraftige opplevingar.

SPØRSMÅL OG SVAR

FAQ

Å planleggje ein tur langs den Nasjonale turistvegen over Gaularfjellet? Då er Flatheim eit av dei mest unike overnattingsstadene du kan oppleve på Vestlandet. Midt mellom fjord, fjell og fossar ligg dette vesle gardshotellet – eit naturleg stopp for motorsyklistar, turgåarar og reisande som ønskjer ro, ekte vestlandsnatur og berekraftige opplevingar.

Under finn du svar på dei mest vanlege spørsmåla om Flatheim:

Kor det ligg, korleis du kjem dit, kva du kan oppleve i området, og kvifor så mange vel nettopp Flatheim som base for eventyra sine.

Flatheim ligg i Viksdalen, midt mellom Balestrand og Førde og midt mellom fjordane, Sognefjorden, Dalsfjorden og Førdefjorden. Flatheim ligg ved Nasjonal Turistveg Gaularfjellet. Du kjem hit med bil, motorsykkel eller sykkel. Området byr på storslått utsikt over fjell, elv, fossar og vatn. Flatheim ligg lett tilgjengeleg for reisande over Gaularfjellet, rute 613.

Det er også fint å komme hit med ekspressbåt frå Bergen til Balestrand, og enten ta taxi, leige bil, eller gjere anna avtale med vertskapet på Flatheim.

Flatheim ligg tett ved Nasjonal turistveg Gaularfjellet, ein av dei mest spektakulære MC-rutene i landet. Her får du trygg parkering, rolege omgjevnader, god mat og godt drikke, kort veg til svingete fjellvegar, fossar og eit stort utvalg av turstiar og turmoglegheiter. Flatheim er fint å bruke som base for køyreturar og vandring i fjellet og langs Gaularvassdraget.

Flatheim er eit ideelt utgangspunkt for vandring i fjellet og langs det verna Gaularvassdraget. Det er eit stort utvalg av toppturar og stølsturar. Fossestien som går langs elv, fossar og eit lite utvalg av toppturar ein kan velge om ein bur på Flatheim. Det er kort veg til Fjordkysten Regional- og Geopark, som er ein UNESCO Global Geopark. Vertskapet hjelper deg å finne turar som passar di fysiske form og tid til disposisjon.

Flatheim har sitt eige, vesle spa-område ved elva. Vi har badstu, vedfyrt badestamp og lysthus og dei tøffaste kan ta ein dukkert i elva, stort sett heile året. I nærområdet langs Nasjonal Turistveg Gaularfjellet, fv 613, finn du store, vakre fossar, badeplassar, fiskemoglegheiter, arkitektur og kulturminner. Ein kort biltur tek deg til Utsikten på Gaularfjellet-eit av dei mest fotograferte i landet. Brua over Likholefossen «The silver bridge» ligg like ved. Mirage på Gaularfjellet er ei spennande oppleving. Balestrand med sine villaer i sveitserstil og dragestil. Kort veg til fleire fjordar. Området byr på ekte vestlandsnatur utan mas og trengsel.

Flatheim er eit lite, intimt farmiliedrive hotell på eit småbruk med gardsdrift. Du bur i restaurerte hus frå ulike tidsperiodar- eitt med stover frå 1500-talet. Her får du ro, nærleik til naturen og ei autentisk oppleving som skil seg frå eit vanleg hotell. Flatheim er medlem at De Historiske hotell og spisesteder og Historic hotels worldwide.

Flatheim er ikkje eit kjedehotell, men ein del av eit levande småbruk. Du får heimebakst og heimelaga, kortreist og sakte mat, personleg vertskap, historieforteljing og rom med sjel og sjarm. Dejt er stille, ekte og lokalt – ein stad for kvilepuls og nær kontakt med natur og folk.

Ja, Flatheim er sertifisert gjennom Norsk Økoturisme, som betyr at staden driv berekraftig, brukar lokale ressursar brukar miljøvenlege produkt, gjenbrukar og tek vare på naturen. Her kan du bu tett på elva og fjellet – med godt miljøsamvit. Dersom det er behov for lading av bil, er det ein hurtigladestasjon ved Joker Viksdalen, 12 km frå Flatheim.

Fordi Flatheim kombinerer berekraft, kulturarv og ro. Du bur på ein miljøsertifisert gard, et lokal mat og opplever eit område utan masseturisme. Eit godt val både for kropp, sjel, klima og miljø.

Flatheim passar for deg som set pris på stillheit, natur og autentiske opplevingar. Enten du kjem på motorsykkel, åleine, som par eller med familie, får du ei personleg og ekte oppleving – langt frå maset, men midt mektig natur.

Flatheim ligg ved Nasjonal Turistveg Gaularfjellet, rute 613, som er ei forlenging av rv 14. Hotellet er ope heile året. Gaularfjellsvegen er vanlegvis stengt frå midten av desember fram til 1. mai, i dette tidsrommet kan Flatheim kun nåast frå Sunnfjordsida. Flatheim tek også imot grupper for bedriftssamlingar, venneturar og familiefeiringar. På vinteren kan du som oftast oppleve snø og det er fint for skituristar i vintermånadane.

Autentisk overnatting med sjel, historie og varme.

Der fossane brusar og fjella
opnar seg, finn du Flatheim