Kan du tenke deg ein sommarjobb på gardshotell? Vi på Flatheim ser etter deg!
Kvar sommar treng vi folk som kan hjelpe oss med å drive Flatheim på ein god måte.
«Jordnært og ekte» ynskjer vi skal vere kjensler som besøkande sit att med etter eit opphald på Flatheim. Ein stad der ein kan finne kvilepulsen og oppleve nærleik til naturen.
Jordnær og ekte er ôg det vi leitar etter når vi ser etter nye medarbeidarar. Vi ser etter deg som er allsidig, og som kan tenke deg ein sommarjobb litt utanom det vanlege. Du får jobbe tett på mennesker, natur og dyr, -og saman med vertskapet du får vere med på å skape ei oppleving for gjester frå både Noreg og resten av verda.
Kven er du?
Vi ser etter deg som er nysgjerrig og ikkje kvir deg på ei utfordring. Du har ei positiv haldning til andre mennesker, og ikkje minst til oppgåver som skal gjerast. Kanskje har du alltid hatt ei interesse for å bake og å lage mat, eller kanskje er du av dei som synest det er kjekt å lære nye ting og som likar utvikle deg. I alle høve er du imøtekommande og trivast med å jobbe med og rundt mennesker.
Vi håpar du
- Har energi som smittar over på både gjester og kollegaer
- Har ei god haldning ovanfor både mennesker og dyr
- Er van med å arbeide, og likar å «ta i eit tak»
- Ynskjer å lære, og ynskjer å lære ifrå deg
Arbeidsoppgåver
I tillegg til å ha gjester på overnatting, tilby naturopplevingar og å lage nydeleg tradisjonsrik mat steller vertskapet også bygningar og hage gjennom sommaren. Tunet består av levande gjestehus med sterke kulturtradisjonar som skal takast vare på gjennom sesongen.
Kvardagen er levande, og det skjer alltid noko spennande. Nokre av dei faste oppgåvene vil likevel være:
- Matlaging og servering
- Kundeservice
- Aktivitetar og guiding
- Gardsarbeid
- Reinhald
Vi tilbyr
- Ei oppleving!
- Alltid eit bærekraftig alternativ!
- Tett samspel med vertskap som ynskjer deg velkommen inn i familien
- Fagleg og personleg utvikling innan sal, service, gardsdrift og matfag
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein region og ein arbeidsplass som er i full fart framover både på mat, råvarer og opplevingar
- Konkurransedyktige betingelsar med tilgang til bedrift sine fasilitetar gjennom sommaren
- Vi er behjelpelege med å finne ein stad å bu om dette er behov for.
Hos oss på Flatheim bevegar tida seg sakte, men vi arbeider i høgt tempo og elskar å sjå at gjester kjem igjen.
Om oss
Flatheim er eit gardshotel ved Nasjonal turistveg Gaularfjellet. I tillegg til å ta imot gjester for overnatting, har Flatheim også sommarkafè, servering og tek imot ulike grupper for tilpassa opplegg.
Vertskapet på Flatheim, Sigurd og Heidi, tek gjester inn på tunet sitt, og inviterar dei inn i heimen sin. Her kan ein overnatte i unike rom og leiligheter, alle med sitt eige særpreg.
På Flatheim har ein stor interresse for bevaring og gjenbruk. Både bygningar og gjenstandar på gardshotellet har levd eit liv før, og har si eiga historie. Gjester kan finne roen i bestemor sin hage, eller kose seg i badestampen eller gapahuken etter ein forfriskande dukkert i elva. Fjella og landskapet ligg også klart til å ta imot deg om du ynskjer ei kort eller lengre vandring i naturen.
Hoffslåttene | 6978 Viksdalen | 461 99 597 | post@gaularfjellet.no