GJE REISA MEINING

OPPLEVINGAR

Hos oss kan du finne innhald til reisa di ved å utforske det som er nær oss. Store naturopplevingar, lokale smakar, fiske eller ein utfordrande dukkert i elva. Det er mange grunnar til å legge besøket til Flatheim og Gaularfjellet.

GJE REISA MEINING

OPPLEVINGAR

Hos oss kan du finne innhald til reisa di ved å utforske det som er nær oss. Store naturopplevingar, lokale smakar, fiske eller ein utfordrande dukkert i elva. Det er mange grunnar til å legge besøket til Flatheim og Gaularfjellet.

Sykkeltur langs Gaularfjellsvegen

Sykkel
& Hygge

Å nyte naturen frå sykkelsetet er noko heilt eige. Trakk i veg til toppen av Gaularfjellet og utsiktspunktet Utsikten. Stopp gjerne undervegs for å beundre dei mange fjellvatna og fossane. Kanskje tek du ein dukkert og? Heimelaga matpakke smakar godt ved kanten av det verna Gaularvassdraget.

Bade i elva

Brus
& ElveSPA

Eit bad i elva er garantert oppfriskande, ein perfekt start på dagen eller når det måtte passe best for deg. Vi gjer klar badepakke til deg. Med med badehandkle, badekåpe, heimestrikka sokkar og termos med varm drikke, er du sikra ei naturoppleving av dei sjeldne.

Vandring langs fuglestien

Fuglar
& Foss

Fuglestien «Fuglar i Fosseheimen» er ein naturmøteplass. Her kan du lære om og kanskje få auge på ein del av dei mest vanlege fuglane i vårt område. Vi har laga mange fugleholkar som fuglane kan bygge reir i. Langs stien kan du også få auge på andre dyr, eller du kan ta ein liten pause på ein av rastebenkane våre.

Storefjellet 1182 moh

Topp
& Tur

Turen til Storefjellet med sine 1182 moh startar like ved Flatheim. Med heimelaga matpakke i sekken og gode sko, er belønninga på toppen ei fantastisk utsikt i alle retningar. Turen er 7 km lang, og er T-merka. Anbefalast.

Tur langs fossestien

Brus
& vandring

Fossestien er en vandresti fra Gaularfjellet til Viksdalen. Den er 21 km og på strekningen passerer du 14 fossar og 7 vatn. Du kan starte turen rett fra Flatheim og du kan sjølv velge om du vil gå heile turen eller delar av den. Heimelaga matpakke & piknik teppe gjer vi klart til deg.

Knausen 960moh

Tur
& utsikt

Turen til Knausen med sine 960 moh er noko kortare enn turen til Storefjellet. Den startar også rett ved Flatheim og er ein perfekt halvdagstur. Frå toppen speidar du ned mot garden mens du nyt den heimelaga nistepakken.

 

«After» Gaularfjellet oppleving

Belønning
& behag

Etter en dag ute i frisk fjelluft serverer vi ei rykande varm suppe med heimelaga brød til. Ein variant av lokal drikke frå Balholm anbefalast sjølvsagt som ein del av måltidet. (Gjeld gruppebestilling)

Prøv fiskelykka

Fiskestang
& stillheit

Det er mulig å fiske aure i vatna og i elva i området. Fiskekort får du kjøpt hos oss. Det er også mulig å leige båt eller kano hos oss på Flatheim.

UTFLUKTER I NÆROMRÅDE

Nasjonal Turistveg Gaularfjellet

Utsikten

Utsikten på Gaularfjellet er eit av dei flotte utsiktspunkta på strekninga. Utsikten ligg på toppen av stigninga opp frå Vetlefjorden og storslått utsikt over eit frodig og vakkert landskap. Fylkesveg 613 slyngar seg oppover det blatte fjell-landskapet.

Viksdalen

Fossestien

Fossestien er ein tilrettelagd tursti som går frå Gaularfjellet og nedover langs Gaularvassdraget, først i høgfjellslandskap, seinare gjennom skog og lier, gjennom beitemarker og grender. Turen er lett, den går over 500 høgdemeter, og er tilsamman 21 km og passar for dei fleste. Du kan velge om du vil gå heile eller deler av strekninga, alt etter kva som passar deg.

Balestand

Ciderhuset

Besøk Ciderhuset i Balestrand. I Ciderhuset kan du få kjøpt og smakt på mange ulike sortar lokale fruktdrikkar frå Balholm. Pressing og tapping skjer i lokala der det gamle fruktlageret i bygda var, ca 200 meter frå Ciderhuset. I gardsbutikken har dei over 30 sortar lokalproduserte variantar. Vi anbefalar og å besøke gardsrestauranten, der ein får lokale smakar med ein eigen vri.

Gamle Strynefjellsvegen

Jøl Bru

Jøl bru ligg på oppstingninga frå Hjelledalen til Strynefjellet. Etter at Strynefjellsvegen vart gjort til heilårsveg på slutten av 70-talet, vart brua erstatta av ei ny, og den gamle er kanskje litt vanskeleg å sjå i forbifarten. Men tek du ein stopp, og går ut av bilen, kan du nyte stor vegkunst. Brua frå 1883 er imponerande og juvet den går over er spektakulert i seg sjølv.

Utforsk

Balestrand

Kunstbygda Balestrand er ei sjarmerande bygd ved Sognefjorden. Her har kunstnarar gjennom tidene sett sine spor. Keisar Wilhelm II hadde også Balestrand som favorittplass. Du kan besøke Norsk Reiselivsmuseum, kunstutstillingar, gå fine fjellturar eller ete på ein triveleg kafe eller restaurant.

Foto: Nasjonal Turistveg

Førde

Sunnfjord Museum

Ligg i Movika litt nord for Førde. Her kan du lære om livet i dei indre Sunnfjordbygdene. Museet har 32 antikvariske bygningar, friluftsmuseum, utstillingar og butikk.

Foto: Thomas Bickhardt BickFoto

Gaularfjellet

Mirage

Ein kunstinnstallasjon på Gaularfjellet. Besøk denne brønnen som er eit prosjekt av kunstnaren Marianne Heier og Nasjonale Turistvegar. Du finn ein brønn på Gaularfjellet og ni i Malavi.

Foto: Nasjonal Turistveg

Sunnfjord

Hestad Kapell

Hestad Kapell og landskapsvernområde – kapellet er frå 1805 med bygningsdeler frå middelalderen. For å bevare det særeigne området som omringar kapellet er det oppretta eit landskapsvernområde. Ved kapellet ligg det ein rasteplass med ein unik toalettbygning som er tilrettelagt av Nasjonale Turistvegar. Det er også ei fin sandstrand ved kapellet.

Foto: Nasjonal Turistveg

Tips for

MC-TURAR (OG ANDRE)

Ca 3 timar. Ca 170 km

Flatheim-Gaularfjellet-Balestrand-Høyanger-Vadheim-Sande-Flatheim

Start med fjellovergangen Gaularfjellet. Opplev Utsikten, hårnålssvingane og den vakre turen langs fjorden til Balestrand. I Balestrand kan du bruke litt tid om du ynskjer. Her er det mykje å oppleve. Du finn fleire koselege kafear og restaurantar. Vidare køyrer du langs fjorden til industristaden Høyanger, så eit stykke til langs fjorden, før du svingar inn i dalføret som fører tilbake til Flatheim. Frå Sande følger du Nasjonal Turistveg forbi fleire flotte fossar og vatn, og gjennom landskapsvernområdet Hestad. Turen kan sjølvsagt køyrast motsatt veg.

Foto: Nasjonal Turistveg

Ca 5 timar. Ca 220 km

Flatheim-Moskog-Skei-Fjærland-Sogndal-Hella-Dragsvik-Gaularfjellet-Flatheim

Følg Nasjonal Turistveg til Moskog gjennom frodige bygder, med vatn, fjell og fossar. Sving nordover og fortsett langs Jølstravatnet i kunstnaren Astrup sitt landskap. Vidare gjennom tunellen til Fjærland. Her er det fint med stopp for lunsj, beundre breen, besøke bremuseet eller bokbyen. Fortsett til «saftbygdi» Sogndal. Derifrå går turen langs fjorden til ferjeleiet Hella-Dragsvik. Tilbake til Flatheim langs fjorden, opp gjennom hårnålssvingane på Gaularfjellet forbi Utsikten og «heim».

Foto: Nasjonal Turistveg

Ca 5 timar. Ca 260 km

Flatheim- Moskog-Skei-Sandane-Hyen-Eikefjorden-Stavang-Naustdal-Førde-Flatheim

Følg Nasjonal Turistveg til Moskog gjennom frodige grender, med vatn, fjell og fossar. Sving nordover og køyr gjennom Våtedalen der du kan møte ein fin flokk med geiter og ei vakker grøn elv. Ta gjerne ein stopp hos Bakar Jon på Byrkjelo for fersk bakst og eit stort utvalg av lokal mat. Vidare til Sandane, Hyen og langs Hyefjorden. Så langs Førdefjorden tilbake, gjennom Førde til Sande og gjennom Gaular-dalføret langs fossar og vatn tilbake til Flatheim.

Foto: Ronja Vallestad

Ca 4 timar. Ca 200 km

Flatheim-Sande-Dale-Askvoll-Stongfjorden-Kvammen-Førde-Moskog-Flatheim

I starten følgjer du turistvegen til Sande. Vidare går vegen forbi Osfossen med Nordeuropas eldste laksetrapp og tusenårsstaden Osen Gard. Turen fortset langs Dalsfjorden til Dale, over Dalsfjordbrua til Askvoll, så til Stongfjorden og langs Førdefjorden til Førde. Vidare til Moskog og tilbake til Flatheim på den Nasjonale Turistvegen gjennom frodige bygder, langs vatn og fossar.

Foto: Linda Dalsøren Meier

Ca 5 timar. Ca 30 km

Flatheim-Sande-Lavik-Hyllestad-Hellevik-Flekke-Dale-Bygstad-Sande

Frå Flatheim til Sande følgjer du den Nasjonale Turistvegen gjennom Gaulardalføret langs det verna Gaularvassdraget og gjennom Hestad landskapsvernområde. Du møter Sognefjorden i Vadheim og følgjer fjorden utover mot kysten, forbi Lavik og Hyllestad. Du kan beundre Lihesten som stig bratt opp frå fjorden og er 777 m på sitt høgaste punkt. Vidare køyrer du gjennom bygda Sørbøvåg og fortset langs fjorden til Folkestad. Det er fint med ein avstikkar til Korssund og Lammetun der du kan sjå over til øya Alden, også kalla Norskehesten, som stig 481 meter «rett opp» frå havet. Vidare innover langs Dalsfjorden gjennom Hellevik, Flekke og Dale. Tilbake til Sande og vidare til Flatheim på same vegen som du starta.

Foto: Mal Dickson Photography

JOBB & OPPLEVINGAR

Ta med deg jobben til Gaularfjellet

«Workation» på Flatheim

Fjellkontoret er innramma av vakker natur og «after work» – opplevingane ligg rett utanfor døra.

Ein skitur i lunsjen, isbading i elva med påfølgande tur i stampen, heimebaka brød, stillheit – dette er berre noko av det du kan forvente på «bortekontoret»

Gode senger, elvebrus og hanegal

Opplev det ekte norske.
På gardsmåten.