INN I VÅR HEIM
OVERNATTING
Romma på Flatheim har sin eigen sjarm. Alle er ulike. Du kan velje mellom å bu i det tilflytta og freda Storehuset, i våningshuset, som var det opprinnelege pensjonatet, eller i det nyaste rommet på Flatheim, Lemmen. Alle romma har eit navn eller nummer, med ei eiga tilhøyrande historie.
Sove godt i tunet og vakne opp til heimelaga frukost
Stemninga rundt bordet er heimekoseleg. I autentiske omgjevnader, serverer vi dagens første måltid med kjærlege hender. Her kan du ete i fred og ro, eller høyre oss fortelje om garden si historie, frå tida då det var pensjonatdrift, kafe og bensinstasjon i tunet.