STOLTHEIT OG ARV
GARDEN
Vi er stolte over historia vår, og over å ha ført vidare bedrifta som besteforeldra til Heidi starta i 1949. Arven frå tida då Selma og Jens dreiv Hoff Pensjonat og bensinstasjon.
Økoturismebedrift
Å reise meir berekraftig, er måten å reise på i framtida. Det er verdiar som Flatheim tek på alvor, og i januar 2020 blei vi det første økoturisme-reisemål i Vestland fylke. Vi tilbyr berekraftige reiselivsprodukt og er sertifisert som norsk økoturismebedrift.